Kort fortalt

Arbeidsbåt grunnstøytte ved Vågsøy

Ingen personar kom til skade.

12.08.2021

(NPK-NTB): Ein arbeidsbåt med tre personar om bord grunnstøytte ved Halsøyrbåen i Vågsøy i Kinn torsdag morgon.

– Ingen personskade, melder Hovudredningssentralen Sør-Noreg på Twitter.

Ved 6.50-tida stod båten framleis på grunn. Det vart jobba med berging, der brannvesen assisterte med pumper og eit eige selskap assisterer med berginga.

Hovudredningssentralen melde om hendinga klokka 6.49.

(©NPK)

Publisert: 12.08.2021 09:59

Sist oppdatert: 12.08.2021 10:01

Mer om