Kort fortalt

Arbeidsløysa fell til 3,9 prosent

Det var 108.000 arbeidsledige i Noreg i februar.

26.04.2018
NPK-NTB: Det er 4.000 færre enn i november. Det utgjorde 3,9 prosent av arbeidsstyrken.
Det viser dei sesongjusterte tala frå frå Statistisk sentralbyrå (SSB). I fjor sommar var AKU-arbeidsløysa på 4,2 prosent. Nedgangen frå førre månad er på 0,1 prosentpoeng, noko som er innanfor feilmarginen.
Frå november i fjor til februar i år er 21.000 fleire komne i arbeid, viser dei sesongjusterte tala. Det er ein auke på 0,4 prosent.

Publisert: 26.04.2018 09:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39