Kort fortalt

- Arbeidsløysetoppen neppe nådd

Det fryktar Røe Isaksen.

03.04.2020
NPK-NTB-Bibiana Piene: Koronakrisa har sendt nye tusen inn i Nav-køen. Over 400.000 er no registrerte som arbeidssøkarar – og fleire vil det truleg bli.
Folk må førebu seg på at toppen enno ikkje er nådd, slår arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) fast i ei pressemelding.
– Vi må forhindre at bedrifter går konkurs og at arbeidslause blir gåande utan arbeid over lang tid. Vi skal tilbake til normalen, men det er berre å førebu seg på at arbeidsløysetoppen neppe er nådd, seier Røe Isaksen.
Ved utgangen av mars var 301.000 personar registrerte som heilt arbeidslause. Det utgjer 10,7 prosent av arbeidsstyrken. Bruttoarbeidsløysa, det vil seie summen av heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak, var på drygt 314.000 personar. I tillegg er over 97.000 registrerte som delvis arbeidslause, noko som gir ein totalsum på 412.000 personar, eller 14,7 prosent av arbeidsstyrken.
– Vi har sett ei drastisk forverring av arbeidsmarknaden den siste månaden, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.
Arbeidsløyseauken i mars er den største i ein enkeltmånad nokon gong, ifølgje Røe Isaksen. Frå februar til mars auka arbeidsløysa med 360 prosent.
– Dette er alvorleg og dramatisk, og regjeringa vil gjere alt i vår makt for å hindre at pandemien får eit omfang som vi ikkje kan handtere, samtidig som vi sikrar dei som blir permitterte og mistar jobben i ein ekstremt krevjande situasjon, og sikrar arbeidsplassar og næringsliv for tida etter koronakrisa, seier han.
Talet på delvis arbeidslause har auka med 274 prosent sidan februar. Nær ni av ti nye arbeidssøkjarar i mars gir permisjon som årsak til at dei melder seg hos Nav.
I Oslo er no 53.453 personar heilt utan arbeid. Det utgjer 13,8 prosent av arbeidsstyrken i hovudstaden. Oslo er fylket med den høgaste arbeidsløysa.
Nordland har den lågaste arbeidsløysa med 8,5 prosent.
Reiselivs- og transportbransjen og butikk- og salsarbeid har hatt størst auke i arbeidsløysa i mars, ifølgje tala.

Publisert: 03.04.2020 12:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28