Kort fortalt
Arkitekten saksøker Loen Skylift
Krev over éin million kroner.
22.03.2021
Arkitektfirmaet som teikna Hoven Restaurant og Fjordbygget i Loen har saksøkt Loen Skylift AS for over ein million kroner, ifølgje Sunnmørsposten.
Det er sivilarkitekt Eva Eide Koefoed M.N.A.L AS som har saksøkt gondolselskapet fordi dei meiner å ha krav på betaling for tilleggsarbeid.
Det går fram av sluttinnlegget som er sendt til tingretten, ifølgje avisa.
Saksøkte Loen Skylift meiner på si side at dei bør frifinnast og at arkitektselskapet blir dømd til å betale sakskostnadene deira.
Saka er til behandling i Sogn og Fjordane tingrett denne veka.
Publisert: 22.03.2021 14:27
Sist oppdatert: 22.03.2021 15:46