Arveleg belasta hotellvert
FAR OG SON: Richard introduserer faren Eivind, som vi møter på veg ut av hotellet. – Vi hadde aldri fått til dette om vi ikkje hadde vore optimistar, seier 84-åringen som er styreleiar eigarselskapet Grov AS.
Nytt

Arveleg belasta hotellvert

Familien, laget og ein dose galskap, er grunnsteinane for Richard Grov. Difor var dei rusta då den frykta «koronasommaren» slo alle rekordar.

Marius Rosbach
26.12.2020

– Om dette er den nye normalen, er eg fornøgd, seier hotelldirektør Richard Grov mot slutten av intervjuet til NETT NO-magasinet. Då har han fortald om korleis dei gjekk frå «uverkeleg stille» dagar i mars - til ein rekordsommar.

Då hausten tok til trudde direktøren ved Hotel Alexandra knapt det han hadde opplevd. Meir om det seinare. Først litt om kvifor det gjekk slik.

  • Dette er ein artikkel frå NETT NO-magasinet 2020 (les heile magasinet her) som ein smakebit for ikkje-abonnentar. Del den gjerne med dei du trur har glede og nytte av å lese oss.

Har kriblinga i hendene
Det høyrest enkelt ut når hotellverten i femte generasjon skal forklare korleis familien og lokalmiljøet heng saman med drivkrafta for jobben.

nettnohalf

– Om ein har ei viss tryggheit og plattform, så kan ein ha blikket retta framover – og det meiner eg vi har hatt.

Han bur med familien nokre minutts til fots frå hotellet, og fortel om arven frå foreldra. Ingen betyr meir enn andre. Hugs at etter storm, kjem finevêr. Og ikkje nyt suksess for lenge.

– Det skal starte å krible litt i hendene før det har gått for lang tid. Heldigvis har eg kriblinga i hendene enno, seier han.

Det kan ein forstå når ein ser på satsingane i Loen dei siste åra. Først litt om grunnlaget for rekordsommaren.

– Fekk hovudet over vatnet
Richard Grov fortel om dei første dagane etter at regjeringa innførte dei mest inngripande tiltaka landet har opplevd i fredstid. Hundrevis av tilsette blei permitterte i løpet av få dagar.

Brått vart dei tvungne til å ta høgde for at det kanskje ikkje kom gjestar inn døra resten av året.

– På få dagar gjekk vi frå fulle hus, til å stenge dørene og senke temperaturen. Først gjaldt det å få kontroll på kostnadene og likviditeten.

Så la dei ein plan. Fleire planar. Det var «worst case scenario» og vurdering av stadig nye krisetiltak. I ein slik situasjon er det lett å gjere irrasjonelle avgjersler, og Grov meiner regjeringa fortenar topp karakter for handlekrafta den første tida.

– Permitteringar og kriselån gjorde at vi fekk puste og fekk hovudet over vatnet. Då kontantstøtta kom på plass, såg vi at det også var mogleg å ta risiko, fortel han.

Då den verste krisestemninga slapp taket, bestemte dei at gjestane skulle få avgjere nivået på bemanninga framover. Grov legg heller ikkje skjul på at det forpliktar å ha mange fastbuande tilsette i ei lita bygd.

– Gud hjelpe meg for ein motivert gjeng vi var, då vi over pinse såg at det kom til å bli ganske mange gjestar, fortel han.

Belegget skaut i veret
Etter ei forsiktig opning blei det klart at mange ville kome på besøk til Loen denne sommaren. Hotellet hadde satt arbeidskontraktar med fleire enn 100 ekstrahjelper på vent, men forstod at det berre var å rigge for fullt hus.

nettnohalf

Hotelldirektøren skulle prise seg lukkeleg over valet når sommaren var over.

– Vi våga å gjere det fordi vi hadde kontroll på cash-flowen, samtidig som kontantstøtta kom inn. Sjølv om vi trudde krisehjelpa skulle vere større, så gjorde det noko med hovuda våre og satsingsviljen, seier Grov.

Perioden med fullt hus strakk seg stadig lengre. Då det blei opna for at hotellet kunne opne bassenget – «sa det enkelt og greitt – kaboom», som direktøren sjølv seier. Belegget skaut i vêret samtidig som hotellet måtte handtere titals tilsette i karantene til ei kvar tid. På hotella «sprang dei føtene av seg» for å ta seg av gjestane.

– Vi køyrde alt det reimar og tøy kunne tole, seier Grov.

Trygge på jobbane sine
For å forstå Richard Grov er det umogleg å kome utanom familien.

– Genfeil, kjem det spontant i starten av intervjuet då han får spørsmål om kvar drivkrafta kjem frå. Når han skal forklare korleis ein klarer å bygge eit lag, eller ein stab, kjem han tilbake til dette.

– Vi er tett på og tuslar rundt her på lik linje med alle andre, og viser med handling at alle er i same båt. Det gir ein tryggleik i organisasjonen – og folk skal vere trygge på jobbane sine.

At vi møter faren utanfor hotelldøra då vi skal ta nokre bilde, er heilt naturleg. Han får høyre at sonen blir intervjua til eit magasin med arbeidstittel «Optimistane», og humrar.

– Ja, vi hadde aldri fått til dette om vi ikkje hadde vore optimistar.

Fjerde og femte generasjon hotellvertskap vekslar nokre ord om dagens mat på kantina, før faren seier farvel for å dra på helgas hyttetur.

Nær 70 prosent auke
Grov omtalar besøket til Loen-bygda som ei folkevandring.

nettnohalf

Bygdevegane var fylte med trafikk, bookingane til aktivitetane strøymde på og hotellet hadde 100 prosent belegg heile juli. Resultatet vil vise att i rekneskapen.

For å sette dei i perspektiv skal vi spole nokre år tilbake. I 2017 opna tidenes største reiselivssatsing i regionen – Loen Skylift. Det mangla ikkje på åtvaringar mot kjempeprosjektet.

Den sommaren omsette Alexandra-hotellet og dei fem andre selskapa til Grov-familien for rekordhøge 50 millionar i juli. I åra etterpå auke inntektene med nokre få millionar.

– Vi tenkte at taket låg om lag der for juli månad. Så omsette vi for 90 millionar i år. Då snakkar vi, seier hotelldirektøren med solid trykk på «då» om auken på nærare 70 prosent for den beste månaden i året.

«Sveitsiske tilstandar»
Også lønsemda meir enn dobla seg, samanlikna med eit rekordgodt fjorår. Norske gjestar er meir kritiske enn dei utanlandske, men dei er storforbrukarar av aktivitetstilbod og vande med prisnivået.

– Nordmenn likar det aktive livet, kombinert med å bu godt og ha det litt kjekt om kvelden. Samtidig går vi ganske tidleg til sengs og står opp tidleg. Slik sett er vi disiplinerte folk, seier Grov.

Sjølv om koronapandemien har gitt tøffe tider, har dei i reiselivet som siktar seg inn mot dei best betalande gjestane opplevd at mange framleis har pengar å bruke.

– Det er mange «big-spenders», og du skulle sett den bilparken som var her i Loen i sommar! Eg har aldri sett maken, seier Grov – før han kjem på at han kanskje har det likevel – i eit anna europeisk land han har budd i.

– Eg opplever at det er litt sveitsiske tilstandar. Vi er ganske like, seier han.

Utvidar Hoved-estauranten
I sommar fekk dei auka trykk på Hoven-restauranten med norske gjestar. I haust bestemte dei seg for å bygge ut spisestaden.

nettnohalf

– Medan cruiseturistane har det meste inkludert, vil mange nordmenn ha både mat og noko godt i glaset etter at dei har vore og gått i fjellet. Og dei kan bli sittande i timevis og suge til seg atmosfæren. Det er jo slik vi ønsker å ha det, seier Grov.

I år går dessutan restauranten med overskot for første gong.

– Det er vi stolte av, og gjer at vi kan lyfte blikket og tenke på nye investeringar, legg han til.

– Så er det litt galskap
Grov nøler ikkje når han skal snakke om ingrediensane i suksessen og ramsar opp: «Kompetanse, vilje til å ta risiko, kapital og arbeid».

– Eg overtok eit bruk som var i utmerka stand, og så har eg ei vakt som varer i nokre år. Mitt mål er å levere frå meg noko som er i betre stand enn det eg overtok.

Han fortel om å heile tida strekke seg etter eit perfekt mål som heile tida er i endring.

– Ei slik haldning skjerpar oss, og gir appetitt og «guts» som ein treng for å løfte noko slikt. Og så er det litt galskap oppe i dette også, skyt han inn.

– Må vere budd på at ting kostar
I dag er Grov glad for at dei gjekk «all in» på Loen Skylift, og innleia samarbeid med Garaventa som går for å vere verdas beste produsent av gondolar.

– Du må vere budd på at ting kostar meir enn venta og situasjonar som kan vere ubehagelege. Mi erfaring er at ein aldri bør gå på kompromiss med dei beste løysingane. Sjølv om det gjer vondt der og då, får du bonusen i framtida.

Foreldra tok begge teke utdanning i Sveits, medan Richard først kom inn i bransjen via kjøkkenet på Royal Garden Hotel i Trondheim. Det var tøft å bli akseptert, og truleg gjorde det ikkje saka betre at han var hotellarving frå Loen.

– Men når du først vart ein del av «the inner cirkel», så skjønte eg verdien av lagspel. Det var ein god lærdom, samtidig som eg lærte å lage litt mat, legg han til.

Seinare blei det utdanning i Sveits. Der lærte han viktigheita av å jobbe.

– Det var som eit ekspresstog og du måtte henge med når det gjekk frå stasjonen. Viss ikkje var du fortapt. Også då opplevde han at det var viktig å ha eit lag i ryggen.

nettnohalf

Mange av dei han møtte i studietida, er framleis ein del av nettverket hans.

– Du får ikkje ting servert på eit sølvfat, men du får eit kameratskap som varer resten av livet.

Les fleire artiklar frå NETT NO-magasinet:

Startar investeringsselskap i Måløy

Eit todelt næringsliv i koronaåret

Nær 100 milliardar i nye Ålesund

Nye tider i familiebedrifta Flakk

Bøker og business

Optimistane tok ikkje koronapause

Heime på bortebane


Gud hjelpe meg for ein motivert gjeng vi var, då vi over pinse såg at det kom til å bli ganske mange gjestar 

Publisert: 26.12.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.08.2021 18:46