Den yngste av dei fire Kleven-brørne, Asbjørn Kleven, døydde tysdag. Han blei 84 år gamal. Det opplyser familien til
Asbjørn Kleven var i mange år sentral i familieverksemda Kleven Mek. Verksted AS - men også i det lokale musikklivet i Ulstein kommune, ikkje minst i Hasund og Dimnøy skulekorps.
I mange år dreiv Asbjørn Kleven verftet saman med brørne Arthur, Magnar og John, der brørne hadde ansvaret for kvart sitt ansvarsområde.
Det var faren deira, Marius, som starta bedriftseventyret etter at han bygde ei lita smie i Kleivakøyla på austsida av Dimnøya i 1939.
I april 1990 vart Kleven Mek. Verksted fusjonert med Kværner-konsernet, men då Kværner ville trekke seg ut av skipsbygging kjøpte dei fire Kleven-brørne tilbake verftet i 1999. Det vart starten på ei ny gullepoke for Kleven Verft.

Publisert: 22.07.2020 13:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25