Kort fortalt

Auka bruk av legemiddel mot lakselus

Nye tal frå Folkehelseinstituttet.

25.02.2021

(PK-Margunn Sundfjord): Etter fleire år med kraftig nedgang i bruken av legemiddel mot lakselus, snudde trenden i fjor. Då gjekk forbruket litt opp igjen.

Det viser nye tal frå Folkehelseinstituttet for sal av legemiddel til norsk fiskeoppdrett. Tala omfattar mellom anna antibiotika og legemiddel mot lakselus, innvolsorm og overflateinfeksjonar.

Når det gjeld talet på tonn laksefisk som blei behandla med legemiddel, var dette i fjor nesten 7 prosent høgare, enn året før, fortel instituttet.

Samtidig blir det peikt på at forbruket framleis er lågare enn i 2011, målt i kilo. Ser ein på bruken av legemiddel i norsk fiskeoppdrett frå 2011 til 2020, har bruken variert mykje.

Nedgang etter 2015
– Fram mot 2015 auka legemiddelbruken jamt, då bruken av legemiddel var på topp. Så gjekk det ein del i 2016 og mykje ned i 2017, seier seniorrådgjevar Irene Litleskare til Nynorsk pressekontor.

Ho meiner det heng saman med resistens og problem med legemiddelbruken. Folkehelseinstituttet peikar på at det dei seinare åra har vore ei dreiing mot å kjempa mot lakselus med andre metodar som til dømes reinsefisk, varmt vatn, ferskvatn og skyling.

Treng lågt forbruk over tid
Samtidig blir det peikt på at parasittane etter mange år med resistensutvikling har blitt meir følsame mot fleire legemiddel.

Instituttet meiner likevel at mindre forbruk av legemiddel over tid gjev håp om at resistenssituasjonen på sikt vil betra seg.

– Men dersom ein kan halda fram med lågt forbruk over tid, er det håp om at legemidla vil ha større effekt, seier Litleskare til Nynorsk pressekontor.

Ho peikar dessutan på at dei nye tala truleg kjem til å bli følgt nærmare opp i samband med at Veterinærinstituttet 10. mars skal leggja fram den årlege rapporten sin om fiskehelse.

(©NPK)

Publisert: 25.02.2021 13:51

Sist oppdatert: 25.02.2021 13:53

Mer om