Kort fortalt

Auka omsetning i industrien

Bygging av skip og oljeplattformer dreg opp.

05.04.2023

Frå desember 2022 til februar 2023 fall industriproduksjonen i Noreg med 0,3 prosent. Likevel auka industriomsetninga med 2,1 prosent.

Når industriproduksjonen hadde ein moderat nedgang den siste tremånadersperioden, bidrog oljeraffinering og kjemisk farmasøytisk industri mest i negativ retning, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Desse sektorane fall med 3,6 prosent. I næringsmiddelindustrien var det eit mindre fall, på 1,7 prosent.

På den andre sida hadde næringsgruppa bygging av skip og oljeplattformer ein sterk oppgang på 5,1 prosent. Maskinreparasjon- og installasjon hadde også ein auke i denne perioden. Petroleumsretta leverandørindustri hadde ein produksjonsauke på 2,4 prosent.

Auka omsetning i industrien
Sjølv om industriproduksjonen gjekk ned noko, auka den totale industriomsetninga med 0,7 prosent i den same tremånadersperioden.

Det var næringsmiddelindustrien som trekte industriomsetninga mest opp, med ein oppgang på 2,0 prosent. Maskinindustrien og metallvareindustrien bidrog også til auken i samla industriomsetning med ein auke på høvesvis 9,5 og 8,1 prosent.

Mindre omsetning i oljeraffinering
Næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri bidrog mest til å dempe oppgangen i industrien med ein nedgang på 10,7 prosent i perioden.

Lågare prisar for raffinerte petroleumsprodukt i dei to første månadene i tremånadersperioden forklarer mykje av denne nedgangen. Lågare produksjonsvolum i denne næringsgruppa trekte også ned omsetninga i tremånadersperioden.

Publisert: 05.04.2023 10:07

Sist oppdatert: 05.04.2023 10:52