Kort fortalt

Auka vindkraftskepsis

Støtta fell både for land- og havanlegg.

17.09.2020
NPK: Nordmenn blir stadig meir skeptiske til vindkraft, både til lands og til havs, går det fram i ei gransking Opinion har gjort for Universitetet i Bergen.
32 prosent av tusen spurde svarer at dei er positive til utbygging. 42 prosent er negative til utbygging av vindkraft på land, fortel
Til samanlikning svarte 40 prosent at dei var positive til vindturbinar på land i ei liknande gransking i fjor. Det betyr at støtta har gått ned med nesten ti prosentpoeng.
– Eg trur det handlar om at vi får fått fleire prosjekt på land. Folk ser det, og det fører jo til dels store naturinngrep, seier energidirektør Kristin Guldbrandsen Frøysa ved Universitetet i Bergen (UiB) til NRK.
Nordmenn ser ut til å vere meir positive til vindturbinar til havs, men skepsisen der er også aukande. 63 prosent svarer i år at dei positive til havvind, mot 71 prosent i fjor.
Frøysa trur at nedgangen er eit utslag av at havvindturbinar ikkje lenger berre er ein abstrakt idé.
– Når du får konkrete område, så blir det plutseleg konkret for fiskarar og skipsfart. Det blir meir å ta omsyn til, seier ho.
Vidare svarer 16 prosent at dei er negative til havvind, mens 18 svarer at dei er verken eller.
Det er ingen havvindparkar i Noreg i dag, men det blir opna for konsesjonssøknader for to område for havvind i januar 2021.

Publisert: 17.09.2020 13:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25