NPK: Aurland kommune i Sogn, som har verdsarvområdet Nærøyfjorden, støttar ei utsetjing av nullutslepp-kravet til cruisebåtnæringa.
– Aurland kommune oppmodar Stortinget om å følgje tilrådinga frå Sjøfartsdirektoratet. Då held ein fast på målet om nullutslepp, at dette vert gjennomført når det er mogleg. Samtidig hevar ein ambisjonsnivået ved å arbeide for strengare nasjonale krav. I mellomtida må vi justere allereie innførte krav for å leggje til rette for grøne investeringar for verdsarven allereie no, seier ordførar Trygve Skjerdal i ei utsegn (sjå lesarinnlegg under Synspunkt).
Stortinget vedtok i 2018 nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026. Sjøfartsdirektoratet har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet sett på kravet om nullutslepp og på at andre fjordar skal få dei same strenge krava som alt no gjeld for verdsarvfjordane. Direktoratet tilrår no at nullutslepp i verdsarvfjordane vert utsett frå 2026 til 2030, fordi teknologien enno ikkje er klar for store fartøy. Dei tilrår vidare at ein først ser på innføring av strengare krav for alle fjordar.
– Vår visjon er nullutslepp både i hamna og for skipa på veg til og frå. Men cruiseindustrien og leverandørindustrien treng tid til å få den nye teknologien på plass. Trafikken må ikkje avviklast sjølv om nullutslepp ikkje fullt ut er på plass i 2026. Aurland kommune ønskjer tett samarbeid mellom styresmaktene, cruiseindustrien og leverandørindustrien for å få fram berekraftige løysingar, seier Skjerdal.
Aurland kommune vil at både cruiseindustrien, lokale fartøy og leverandørindustrien skal lukkast med det grøne skiftet. Det krev nært samarbeid og ei realistisk tilnærming til kva ein kan oppnå. Tilrådinga frå Sjøfartsdirektoratet er ein god plattform, meiner dei i indre Sogn.

Publisert: 05.05.2020 11:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27