Kort fortalt

Avinor får inntil 4,3 mrd. koronakroner

Krisehjelp frå regjeringa. 

12.05.2020
(NPK-NTB): Flytrafikken har nær sagt stansa heilt opp etter koronautbrotet og ramma Avinor hardt. No får selskapet krisehjelp på inntil 4,3 milliardar kroner.
Regjeringa foreslår ei tilleggsoverføring til Avinor på inntil 4,27 milliardar kroner for å bøte på dei økonomiske skadeverknadene koronapandemien har på luftfarten. Samferdselsdepartementet ventar at Avinor vil li eit betydeleg inntektstap, mellom anna ved at flyselskapa er fritekne for lufthamnavgifter fram til 1. juli.
I tillegg til den direkte krisehjelpa får Avinor avdragsfritak på statslån, og regjeringa vil avstå frå å ta ut utbytte frå selskapet i år.
Utviklinga etter andre kvartal er usikker, og det uklart om og når flytrafikken kan ta seg opp igjen til nivået før virusutbrotet, ifølgje departementet, som tek høgde for at virusutbrotet kan medføre varige endringar i folks reisevanar og etterspørselen etter flyreiser.
(©NPK)

Publisert: 12.05.2020 12:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27