Tilbodet med eigen koronatelefon i Ålesund kommune vert avslutta klokka 15.30 torsdag 30.april.
Frå og med 1. mai må dei som har behov for å samtale og informasjon, ringe Folkehelseinstituttet sin informasjonstelefon på 815 55 015, opplyser kommunen i ei pressemelding.
Kommunen sin koronatelefon vart oppretta dagen etter at WHO erklærte gobal pandemi den 11. mars.
- Dei tre første vekene var det ekstrem pågang på telefonlinja, og det har vore umogleg å registrer kor mange samtalar som vart gjennomført. Dei første vekene hadde vi fleire hundre om dagen. Mange av dei handla om karantenereglar, fortel Line Melbye som er avdelingsleiar for helsestasjonar og skulehelsetenesta, i pressemeldinga.
I vekene etter, brukte mellom 20-30 personar tenesta kvar dag.
Det vert oppgitt fleire grunnar til at kommunen no avsluttar tilbodet.
- Det har generelt vore ein nedgang i mengda førespurnader til telefonen den siste tida. Dei fleste som ringer ønsker svar på spørsmål om test og testkriterier. Slik opplysningar ligg lett tilgjengeleg på folkehelseinstituttet.no og helsenorge.no, fortel Melbye.
Dei siste vekene har to heile sjukepleiarstillingar vore knytt til telefontenesta. På det meste svarte ni personar på spørsmål frå innbyggarane. Innbyggarane har òg blitt flinkare til å nytte dei nasjonale linjene for rådgjeving og nettprat. Desse linjene er framleis opne, og kan ringast eller ein kan opne ein nettprat.
Desse tenestene ligg lett tilgjengeleg på folkehelseinstituttet.no og helsenorge.no

Publisert: 29.04.2020 13:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28