
Avviste strakstiltak for Trollstigen
– Regjeringa må sjå alvoret, seier fylkesordføraren.
Fylkesordførar Anders Riise (H) avviste å behandle eit forslag frå Frp om å løyve 50 millionar kroner til strakstiltak for Trollstigen.
Årsaka er at det manglar tilstrekkelege sikringstiltak i fjellet, og at risikoen for at nokon kan bli trefte av stein, er for stor. Vegstrekninga er stengt grunna rasfare og fylkesordføraren meiner staten må bidra meir.
– Regjeringa må sjå alvoret med Trollstigen når det gjeld reiselivsnæringa. Eg håper staten tek ei ny vurdering, seier Riise til NRK Møre og Romsdal.
Onsdag kjem samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) til Rauma og skal mellom anna møte representantar frå fylkeskommunen og lokale styresmakter.
Fylkespolitikarane var måndag samla for å bli orientert om turistvegen mellom Fjord og Rauma kommunar. Frp ville at fylke skulle ta opp for å sette i gong rassikringsarbeid så raskt som råd.
KrF-representant og leiar i Nasjonal rassikringsgruppe, Randi Frisvoll, vil ha utgreiing om turistskatt kan vere med på å finansiere vedlikehaldet av Trollstigen. På kort sikt stiller Frisvoll seg òg bak Frp sitt forslag om hastelån
Publisert: 24.06.2024 14:28
Sist oppdatert: 24.06.2024 15:08