Kort fortalt

Bak i køen for jobb på skipstunnel

Fryktar utanlandske skip får oppdraga.

NPK
14.07.2022
(NPK): Fleire fryktar at dei store oppdraga på Stad skipstunnel vil gå til utanlandske skip då eit eige norsk «distansekrav» skapar hovudbry for reiarar som ønsker oppdrag i prestisjeprosjektet.

Målet er byggjestart i 2024 og planen er at Stad skipstunnel skal stå klar tre-fire år seinare.

Det blir enorme mengder stein som skal fraktast vekk etter kvart som tunnelen blir til. Sidan massane truleg skal fraktast med kortare avstand enn 30 nautiske mil, som svarar til 55 kilometer, slår dette uheldig ut for norske reiarar, skriv NRK.

– Vi har eit ulogisk distansekrav for norske båtar, seier Kenneth Erdal som er næringspolitisk rådgjevar i Kystrederiene til NRK.

I dag er det krav om ein såkalla «utsegla distanse» på rundt 55 kilometer for å få til dette. Det betyr at med norske sjøfolk om bord må skipet segle over denne distansen for å oppnå krava.

– Resultatet er at på mindre distansar vil ikkje norske skip vere konkurransedyktige mot utanlandske skip, som ikkje har tilsvarande krav, seier Erdal.

(©NPK)

Publisert: 14.07.2022 17:13

Sist oppdatert: 14.07.2022 17:16

Mer om