Lena landsverk sande foto Annika Brandal
SKIPSTUNNEL: Lena Landsverk Sande leier styringsgruppa som skal få fart på utviklinga rundt Stad skipstunnel. Foto: Annika Brandal
Nytt

Skal skape vekst rundt skipstunnelen

Ordførarane Gunnar Silden, Ola Teigen og Lena Landsverk Sande vil ha grøne skipstunnel-prosjekt.

08.12.2021

- Verdas første skipstunnel vil skape vekst for regionalt næringsliv og offentleg infrastruktur blant anna gjennom berekraftig masseforvaltning. Gjennom byggeperioden til skipstunnelen ser vi moglegheiter til å skape ei grøn omstilling i regional bygg- og anleggsnæring, og på den måten bidra til å redusere varig klimaavtrykk innanfor fleire områder

Det opplyser ordførarane Gunnar Silden, Ola Teigen og Lena Landsverk Sande i ei pressemelding etter at dei tre er valde til å vere overordna styringsgruppe for utviklingsarbeid rundt Stad skipstunnel.

Verdiskaping og ringverknader
Målet er å etablere eit godt samarbeid med aktørar langs heile vestlandskysten, som saman bidreg til verdiskaping og positive ringverknadar for heile regionen.

- I tillegg til å gjere det mogleg å flytte gods til sjø fordi både tryggleik, regularitet og punktlegheit aukar, så ynskjer vi å sjå på korleis Stad skipstunnel kan bli eit internasjonalt reiselivsikon.

- Vi ser vidare føre oss ringverknader som auke i handels- og servicenæringar fordi vi skapar bustadattraktivitet, attraktivitet for fritidsbustader, og auke i norsk og internasjonal turisme, heiter det i pressemeldinga.

Nasjonal konferanse
Lena Landsverk Sande er valt til leiar av styringsgruppa, og har no fått i oppdrag å kople på utviklingsselskapa i dei tre kommunane Stad, Kinn og Vanylven, med mål om å få til ein nasjonal konferanse på nyåret.

- No skal vi saman løfte moglegheitene for samfunns- og næringsutvikling, og det er viktig for oss å få med oss statsforvaltarnivået, fylkeskommunane, næringsliv og reiseliv, slik at vi saman med Kystverket bidreg med god forankring, kartlegging av behov og moglegheiter og ser på barrierar for utvikling.

- Saman sikrar vi ein effektiv prosess og rett involvering av andre relevante deltakarar for å skape vekst langs Norskekysten.

Publisert: 08.12.2021 15:27

Sist oppdatert: 08.12.2021 15:37