Stad skipstunnel moldefjorden innfelt terje skjeppestad illustrasjon foto Kystverket Snøhetta Plomp Olav Helge Matvik
MANGE VIL VERE MED: Mange selskap deltok på anbodskonferansen for skipstunnelen i haust. Prosjektleiar Terje Skjeppestad er tilsett i Kystverket, som vil ha på plass grunnlaget for anbodskonkurransen i «siste halvdel av 2022», opplyste prosjektleiaren nyleg til NETT NO. Illustrasjon/foto: Kystverket -Snøhetta -Plomp/Olav Helge Matvik
Nytt

– Interessa er enorm frå heile verda

Entreprenørselskap står i kø for å bygge verdas første fullskala skipstunnel, fortel prosjektleiaren.

Marius Rosbach
06.12.2021

(NPK-NETT.NO: Entreprenørselskap over heile verda står i kø for å få byggje verdas første skipstunnel ved Stad, skriv Teknisk Ukeblad.

I alt 19 entreprenørar som deltok på leverandørkonferansen til Kystverket i haust, kan vere aktuelle for totalentreprisen på den 1,7 kilometer lange skipstunnelen, fortel prosjektleiar Terje Skjeppestad i Stad skipstunnel til bladet.

– Interessa er enorm
Ved sida av dei norske selskapa Veidekke, Hæhre, Implenia, Kruse Smith og Skanska var fleire entreprenørselskap i Spania, Italia, Sveits og Sverige representerte på konferansen. Det var også storkonsernet China Railway International Group.

– Interessa er enorm frå heile verda. Det verkar som dette er eit prosjekt dei store entreprenørane ønskjer å ha på CV-en. Ein av dei har vore med på å byggje Suezkanalen, seier Terje Skjeppestad til Teknisk Ukeblad.

Lokale ringverknader

Også lokalt i kommunane Stad, Vanylven og Kinn blir det jobba intenst med skipstunnelprosjektet.

Mellom anna skal kommunane denne veka møtast for å blir samde om vegen vidare for å skape ringverknader frå samferdslesatsinga.

Førre veke fekk det lokale ringverknadsarbeidet ein «kickstart» ved at Sparebanken Møre donerte 400.000 kroner.

Ser ikkje vekk frå samarbeid
Prosjektleiar Skjeppestad ser ikkje vekk frå at fleire av entreprenørane går saman i anbodet om storprosjektet.

Stortinget vedtok i vår at skipstunnelen ved Stad skal byggjast og sette då av 75 millionar kroner i oppstartsmidlar.

Skipstunnelen blir 1,7 kilometer lang og skal dimensjonerast for skip med ei breidd på 21,5 meter, ei høgd på 33 meter og ei djupne på 8 meter.

Publisert: 06.12.2021 12:26

Sist oppdatert: 06.12.2021 12:38

Mer om