Babord framtidsplaner
VIL FYLLE UT I SJØEN: Slik ser Babord Group for seg at utbygginga med 50-100 arbeidsplassar i Raudeberg skal sjå ut når begge byggetrinna er ferdig. Byggetrinn to er avhengig av at Babord Group får stein frå skipstunnelen: Babord Group
Nytt

Innspurt om skipstunnel-stein

I Vågsøy er det kø av private aktørar som vil ha stein frå Stad Skipstunnel, i Stad og Vanylven er det prosjekt i kommunal regi som dominerer.

27.03.2022

Agnar Lyng i Babord Group vil byggje slakteri og bearbeidsingsanlegg for oppdrettstorsk og laks, til eit anlegg som fullt utbygd kan gi mellom 50 og 100 arbeidsplassar på Raudeberg.

Første byggetrinn har Babord Group plass til, det handlar om ei ombygging av dagens bygg selskapet har på Raudeberg. Men andre byggetrinn er avhengig av at selskapet får fyllmasse frå Stad skipstunnel.

- Vi vil ha stein, for vi treng å utvide arealet ut i sjøen, seier Lyng.

Treng avklaring
Prosjektleiar Terje Skjeppestad i Kystverket seier det ser ut til at det er nok stein til alle. I løpet av dei fire neste vekene håpar han å vere nærare ei avklaring av korleis steinen skal fordelast.

Kystverket krev at prosjekta som får stein er garantert å bli noko av og både Stad og Vanylven kommune arbeid for å få dei naudsynte avklaringene på plass i tide.

Målet til Kystverket er å legge arbeidet med å bygge tunnelen ut på anbod i haust, og ein del av oppdraget blir også å frakte steinen til dei ulike mottakarane. For å kunne gi eit pristilbod er entreprenørselskapa avhengige av å vite både volum og kvar steinen skal leverast. Difor er avklaring om fordelinga av steinen ein faktor i framdrifta av skipstunnel-bygginga.

Private prosjekt
Babord Group ynskjer 100.000 kubikkmeter stein frå tunnelen i følgje ein presentasjon næringsutviklingsorganisasjonen Måløy Vekst nyleg hadde for Kystverket.

Her er dei andre som vil stein i Vågsøy (no ein del av Kinn kommune), med antal kubikkmeter i parantes. Alle vil bruke steinen til å fylle ut i sjøen og utvide eige areal:

Nordvestvinduet på Almenning, aust for Måløy (500.000 kubikkmeter)
Pelagia Måløy (50.000 kubikkmeter)
Domstein (50.000 kubikkmeter). Domstein vil utvide fryseanlegget sitt på Raudeberg, og drive bearbeid og foredling. Kan gi 50-100 nye arbeidsplassar.
Skipsverftet Båtbygg ved Raudeberg (60.000 kubikkmeter).
Nordfjord Havn (257.500 kubikkmeter). Skal gi meir plass til utbygging av landbasert oppdrett i Barstadvika, mellom Raudeberg og Måløy.
Eigedomselskapet Skårastranda as (360.000 kubikkmeter). Planlegg kaianlegg og næringsareal mellom Barstadvika og Måløy.
I tillegg vil Kinn kommune ha 100.000 kubikkmeter til brannstasjonstomt og sentrumsutvikling i Måløy.

Private fall frå
- Det vi ser er at private prosjekt fell i frå. For sjølv om steinen er gratis er den ikkje gratis å ta i mot, seier ordførar Lena Landsverk Sande i Vanylven kommune.


Startsignal for Stad skipstunnel
STEIN: Steinmassene frå skipstunnellen gjennom Stadlandet skal leverast gratis brukarar i deler av Stad, Kinn og Vanylven. Illustrasjon. Statens Vegvesen

Ho siktar til at mottakaren må koste arbeidet med å gjere steinfyllinga heilt ferdig planert og klar for bruk.

Det gjer at rensefiskanlegget til Mowi i dag står att som einaste private aktør i Vanylven som vil ha stein frå tunnelen.

Kommunen arbeider med å få stein til fleire plassar, og Landsverk Sande trekkjer fram Fiskåholmen og Breivika som to av plassane der blir arbeidd å utfylling i kommunal regi. Det tidlegare industriområdet på Fiskåholmen er eigd av Prodtex og ei utfylling der må skje i samarbeid med Prodtex.

Breivika ligg mellom Åheim og tunnelinntaket.

Næringsområde ved tunnelen
I Stad kommune blir det arbeidd med to store utfyllingar i kommunal regi på kva si side av Moldefjorden, det tunnelen kjem ut på sørsida av Stadlandet like ved Selje.

Det eine ved Lesto, det andre på Moldestad.

Lesto er tenk å bli base for entreprenøren som skal bygge tunnelen, og eit kommunalt næringsområde på 85 mål etter at anleggsarbeidet er ferdig.

Fiskeindustrikonsernet Pelagia har eit anlegg på Moldestad og arbeider med ei utviding av sitt areal, medan kommunen vurdere eit kommunal utfylling i motsett ende av Moldestad.

Kommunen vil også bruke stein til å planere ei næringområde ved Kjødepollen, like ved tunnelinngangen på nordsida av Stadlandet.

Publisert: 27.03.2022 05:00

Sist oppdatert: 26.03.2022 21:14

Mer om