Kort fortalt
Bakkar og Berg Media i pluss
Dobla inntektene etter å ha fått støtte frå Medietilsynet.
08.05.2023
Selskapet Bakkar og Berg Media vart starta opp i 2013, og er utgivarselskapet til NETT NO.
I fjor vart det eit godt år for selskapet, mest fordi Medietilsynet gav støtte for produksjonsåra 2020 og 2021.
Bak selskapet står Ogne Øyehaug med 23,3 prosent, Kjetil Haanes med 19,9 prosent, Eirik Staurset med 18,7 prosent og Olav Sindre Kriken med 5,0 prosent. I tillegg eig Havila Holding 33,4 prosent.
Selskapet sysselsette i fjor fire årsverk, og hadde ved årsskiftet ei langsiktig gjeld på 1,1 millionar kroner.
Bakkar og Berg Media | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 6,1 | 3 | |
Driftsresultat | 2,8 | -0,07 | |
Resultat før skatt | 2,8 | -0,1 |
Publisert: 08.05.2023 10:30
Sist oppdatert: 08.05.2023 11:11