Kort fortalt

Ber bankane droppe utbytte

Finansdepartementet vil ha krise-buffer.

09.09.2020
NPK-NTB: Bankane bør vente med å dele ut utbytte for å vere best mogleg sikra mot alvorlege økonomiske tilbakeslag under koronakrisa, ber finansministeren.
Godt kapitaliserte bankar er ein føresetnad for at bankane skal kunne dekkje store tap og halde fram med å gi lån til bedrifter og hushald. Det er derfor viktig at dei held tilbake overskotsmiddel no, skriv Finansdepartementet i ei pressemelding.
– Sjølv om vi i dei siste månadene har sett teikn til oppgang i norsk og internasjonal økonomi, er faren langt frå over. Eg legg derfor til grunn at norske bankar ventar med å dele ut utbytte eller kjøpe tilbake aksjar til uvissa er ytterlegare redusert, seier finansminister Jan Tore Sanner (H).

Publisert: 09.09.2020 10:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25