(NPK): Møreaksen og Hafast må inn i Nasjonal transportplan, krev elleve ordførarar i Møre og Romsdal i eit felles brev til samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
I brevet ber eit samla ordførarkorps frå Herøy i sør til Molde i nord ber om at Møreaksen blir lagt inn med oppstart i perioden 2018–2020 og Hafast med oppstart i 2023, skriv .
– Møreaksen er ferdig planlagt og den beste løysinga for kryssing av Romsdalsfjorden. Dette prosjektet må komme i gang snarast. Hafast har komme langt i utviklinga av ny bruteknologi for kryssing av Sulafjorden og kan vere klar for oppstart i 2023, skriv dei elleve i brevet.
– Dette er viktige prosjekt som vil styrkje regionen. Møreaksen og Hafast forsterkar effekten av kvarandre, skriv dei og ber om konkrete framdriftsplanar for fjordkryssingsprosjekta på E39.
Ordførarane som har signert brevet, er Knut Erik Engh i Ulstein, Anders Riise i Hareid, Jim-Arve Røssevoll i Sula, Eva Vinje Aurdal i Ålesund, Dag Olav Tennfjord i Skodje, Karen Simonnes Aanes i Ørskog, Geir Inge Lien i Vestnes, Odd Helge Gangstad i Midsund, Torgeir Dahl i Molde, Arnulf Goksøyr i Herøy og Berhard Riksfjord i Aukra.

Publisert: 03.01.2017 12:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43