Ber kraftselskap bruke nynorsk
Noregs Mållag har forventningar.
(NPK): Fire kraftselskap i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre har gått saman å lage eit felles selskap, som skal selje kraft på privatmarknaden i heile landet. Mållaget reknar med at selskapet vel nynorsk i kommunikasjonen sin.
Dei fire selskapa er Tafjord, Sognekraft, Sogn og Fjordane Energi og Tussa kraft. Det er venta at det nye selskapet blir lansert til hausten. I dag har dei 100.000 kundar, og det er planen å nå ut til endå fleire og bli eitt av dei største selskapa nasjonalt.
– Tre av kraftselskapa er ein del av nynorsken i Noreg. Dei har vore og er samfunnsbyggjarar på nynorsk i godt over eit hundreår. Vi forventar at det nye selskapet tek med seg nynorsken inn i framtida, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
Berre Tafjord kraft i Ålesund brukar bokmål i dag, medan dei tre andre nyttar nynorsk. Hauge håper at også Tafjord også vil bidra til eit nynorsk salsselskap.
– Eit nynorsk nasjonalt kraftselskap er verkeleg noko å gle seg til. Nynorsken er også eit kraftspråk og vi trur både gamle og nye kundar vil ta godt imot ei slik nysatsing, seier Peder Lofsnes Hauge.
Han minner om at Ålesund no er den største nynorskkommunen i verda, og at det såleis er naturleg at Tafjord kraft bidreg til eit nynorsk salsselskap.
(©NPK)
Publisert: 17.03.2021 13:10
Sist oppdatert: 17.03.2021 13:15