Kort fortalt

Ber om kandidatar til Årets Bedrift

Skal kårast i april.

04.01.2017
Kjenner du ei bedrift, lita eller stor, som fortener utmerkinga Årets Bedrift? Send inn ditt forslag innan 3. februar, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i .
-Det kan vere bedrifter som i løpet av 2016 har gjort ein ekstra innsats på innovasjon og nyskaping, kompetanse- eller organisasjonsutvikling eller som har klart å skape positive ringverknader for omverda, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad.
Ho seier at kandidatane kan kome frå alle bransjar innan industri, handverk og service.
- Det er stor omstillings- og nyskapingsevne i vårt fylke, og vi håpar det kjem inn mange forslag, seier ho.
Det er regional- og næringsutvalet som kårar vinnaren, og prisen blir delt ut under fylkestinget i april.

Publisert: 04.01.2017 12:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43