NPK-NTB: Bestiller du reise no og UD ikkje hevar reiserådet i landet du skal til, får du ikkje igjen på forsikringa. Forsikringsselskapa ber reiselystne kundar vente.
For sjølv om regjeringa no planlegg å opne for reisande frå og reiser til land i EØS-/Schengen-området med låg smittespreiing, er landa framleis ikkje fjerna frå Utanriksdepartementets (UD) reiseråd.
– Det vil seie at viss smitta aukar i eit område, og UD bestemmer seg for å ikkje heve reiserådet dit likevel, så får du ikkje igjen avbestilling av reise på forsikringa. Det er fordi du har bestilt billettar medan det framleis var eit reiseråd til landet, seier Therese Nielsen i forsikringsselskapet Fremtind.
Viss ein bestiller reisa etter at UD eventuelt har gitt grønt lys frå 15. juli, så gjeld vanlege kriterium ved forsikringa, opplyser kommunikasjonssjef Simen Berntsen Rudi i Fremtind til NTB.
Han understrekar at situasjonen knytt til covid-19 er uføreseieleg og ber folk sjå det an.
For bestiller du ei reise til land før dei har vorte «grøne», dekkjer ikkje forsikringa avbestilling og heller ikkje såkalla koronarelaterte hendingar.
– Det er viktig å hugse på at reiserådet som kom 14. mars, gjeld til og med 20. august. Land og område det blir opp opna for no, er enkeltvise unntak basert på smittespreiinga, seier kommunikasjonsrådgivar Andreas Bibow Handeland i Europeiske Reiseforsikring, som er ein del av If.
Han oppmodar folk til å ha litt is i magen, for blir lyset halde «raudt» i det landet ein har sikra seg ein feriebillett til før 15. juli, så blir verken sjølve turen eller avbestillinga dekt av reiseforsikringa til Europeiske.
– Dei som bestiller reiser no, dei tek ein risiko, seier han.
For dei som har bestilt reise før 14. mars, gjeld framleis reiseforsikringa, fortel Handeland. Selskapet dekkjer avbestilling av desse reisene så lenge reiserådet står, og dessutan i sju dagar etterpå.
– Sjølv om reiseråda no gradvis blir oppheva, er det ikkje sikkert at folk har så lyst til å dra. Så då har dei sju dagar på seg til å avbestille, seier han.

Publisert: 26.06.2020 08:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26