Kort fortalt

Berre éin av tre meiner maten er for dyr

Vestlendingane mest fornøgde.

29.03.2016
(NPK): 54 prosent av norske forbrukarar meiner matvareprisane er akkurat passe. 9 prosent meiner prisane er for låge, mens 35 prosent meiner det motsette.
Vestlendingane er mest fornøgde med prisnivået. Der svarar så mange som 61 prosent at matvareprisane er «passe», i undersøkinga som Sentio Research har utført for .
Randi Lavik ved Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) har forska på prisar og konkurranse i mange år. Inntrykket hennar er at når folk synest prisane i stor grad er passe, så handlar det om kva forventning vi har til kvar prisane skal liggje.
– Særleg i forkant av høgtider, som no til påsken, er det stor priskonkurranse på enkelte varer. Det at låge prisar er i fokus gjer at folk kanskje trur prisane er låge, seier ho.
Prisutviklinga på mat ligg langt under den generelle prisutviklinga.
– Totalindeksen har sidan 1998 stige med 39,8 prosent. Matvareprisane har derimot berre stige med 32,7 prosent i same periode, seier Lavik og viser til tal frå Statistisk sentralbyrå.
I undersøkinga er det likevel nokre grupper som meiner matvareprisane er for høge. Det er særleg lågtlønte og Frp-tilhengarar.
– Det er heller ikkje overraskande. Lågtlønte er på ein måte programforplikta til å meine det, og Frp har vel i grunnen alltid meint at ting skal koste så lite som mogleg, meiner Lavik. (©NPK)

Publisert: 29.03.2016 08:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47