NPK-NTB: Det er framleis stor uvisse i sjømatmarknaden globalt, men det er tendensar til gradvis normalisering i land som Kina og Sør-Korea, ifølgje Sjømatrådet.
Dei største utfordringane for ein sjømatproduserande nasjon som Noreg i desse koronatider, er knytt til bortfallet av restaurantbransjen globalt, skriv Sjømatrådet i ei statusoppdatering 1. april.
– Som dei tidlegare vekene ser vi ein framhaldande reduksjon for fersk sjømat og ein auke for frosne og konvensjonelle produkt, seier sjømatanalytikar Paul Aandahl i Noregs sjømatråd.
Men i enkelte land i Asia, mellom anna i Kina og Sør-Korea, ser marknaden ut til gradvis å normalisere seg.
– Vi ser no at restaurantar på tvers av ulike segment er på veg tilbake. Framleis gjeld ei rekkje varsemdstiltak, og det er knytt større merksemd til forholda utanfor Kina, seier Sjømatrådets fiskeriutsending til Kina, Victoria Braathen.

Publisert: 01.04.2020 18:48
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28