Bilforsikringar blir dyrare i år
– Ser ein kraftig auke i skadar på bilar.
(NPK-NTB): Etter å ha sett opp prisen på bilforsikringane fleire gonger i fjor, varslar Gjensidige at prisane vil auke minst 10 prosent til i år.
Ifølgje Gjensidige auka talet på melde bilskadar for privatmarknaden i Noreg med 11,5 prosent frå 2022 til 2023. Ein tredel av skadane kjem av meir krevjande vêrforhold.
– Vi ser ein kraftig auke i skadar på bilar og totale utbetalingar som følgje av bilskadar på privatmarknaden i Noreg, seier Berit Nilsen, konserndirektør for analyse, produkt og pris i Gjensidige, til Dagens Næringsliv.
Ei endring i bilparken er ei av hovudforklaringane.
– Glatte vegar, fleire redningsaksjonar og fleire skadar på bilane – og alle skadane blir dyrare å reparere med meir avanserte bilar, seier Nilsen.
Ho seier det at skvettlappane på bilane er fjerna, er alvorleg i seg sjølve.
– Frontruter blir no skadde i stort omfang når andre bilar akselererer.
(©NPK)
Publisert: 20.02.2024 07:52
Sist oppdatert: 20.02.2024 07:53