NPK: Mange bilimportørar betalar ikkje for returordninga som sikrar at bilane blir forsvarleg handtert når dei blir vraka, ifølgje Miljødirektoratet.
Miljødirektoratet vil sende brev til importørar som dei har grunn til å tru ikkje deltek i returordninga for kasserte bilar. Direktoratet varslar no at dei vil vedta tvangsmulkt dersom importørane ikkje melder seg inn i ei slik ordning.
– Kasserte bilar kan utgjere eit betydeleg miljøproblem. I tillegg er det ressursar i kasserte bilar som kan attvinnast. Det er derfor viktig at denne typen avfall blir samla inn og behandla forsvarleg, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet, i ei pressemelding.
Dei som importerer køyretøy til Noreg har plikt til å vere medlem i ei godkjent returordning. Returordninga skal sikre at farlege stoff som kan medføre fare for helse- og miljø blir tekne ut og behandla miljømessig forsvarleg.

Publisert: 04.05.2020 13:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27