Kort fortalt

Bilvasken kan spare deg for utgifter

Spesielt viktig i vinterhalvåret.

23.12.2019
NPK: Mange har bilvask som ein del av juleførebuinga, men å vaske bilen oftare i vinterhavåret kan spare deg for vedlikehaldsutgifter.
Ei ny undersøking frå NAF viser at over halvparten av nordmenn vaskar bilen ein gong i månaden eller sjeldnare i vinterhalvåret.
– Det er nok mange som tenkjer at bilen blir fort skiten igjen, så dei droppar vasken. Dei gjer seg sjølv ei bjørneteneste, seier Nils Sødal, kommunikasjonsrådgjevar i NAF.
Å vaske vekk saltet på bilen oftare kan spare deg for store vedlikehaldsutgifter, og ein burde vaske bilen oftare i vinterhalvåret, seier Sødal. Det er særleg rust ein kan hindre ved å vaske bilen hyppig.

Publisert: 23.12.2019 09:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31