Høgre vil auke ferjetakstane i 2025, og plusse på med endå i auke året etter, ifølgje NRK Møre og Romsdal.
Det er klart etter at den borgarlege semja om å ikkje auke prisen på ferjene, sprakk då fylkestinget i Møre og Romsdal møttest tysdag.
Les også
Auken blei gjort i eit tilleggsvedtak då fylkespolitikarane skulle bestemme budsjett og økonomi for neste år. Dei ekstra inntektene betyr at dei vidaregåande skulane får meir å rutte med.
– Av og til så må ein svelge nokre kamelar. For Høgre har det ikkje vore noko ønske å auke ferjetakstane. Men vi meiner det er heilt naudsynt å ta ansvar for fylkeskommunen sin økonom og tilbod, sa Monica Molvær (H) ifølgje kanalen.
Sjå sending frå møtet i fylkestinget her (ekstern lenke)
Ferjetilbodet blir ikkje endra og heller ikkje Hamsundruta blir fjerna, slik fylkeskommunedirektøren føreslo i sitt framlegg til budsjett og økonomiplan.
Publisert: 10.12.2024 15:21
Sist oppdatert: 10.12.2024 15:21