Fylkesutvalet i Møre og Romsdal gjekk tysdag inn for å fjerne mange av kutta som var foreslått frå administrasjonen, mellom anna redusert ferjetilbod og nedlegging av hurtigbåten på Hamnsundruta.
Det skriv NRK Møre og Romsdal.
Høgre, Frp, Venstre og KrF er i staden samde om å gjere ein rekke mindre kutt. Bakgrunnen er mellom anna at fylkeskommunen har fått meir midlar via havbruksfondet og ei tilleggsløyving frå regjeringa på 112 millionar til saman.
– For ein gongs skuld vil eg sende ein takk til regjeringa. Dette kjem godt med. Men dette løyser ikkje problema på lengre sikt, sa Monica Molvær (H) ifølgje kanalen.
Sjå protokollen og vedtaka frå møtet (ekstern lenke)
Publisert: 26.11.2024 19:25
Sist oppdatert: 26.11.2024 19:26