(NPK-NTB-TT-DPA): Økonomien i eurosona krympa med 12,1 prosent i andre kvartal i år, ifølgje Eurostat. Sidan nyttår er nedgangen på ikkje mindre enn 15 prosent.
Utviklinga er i tråd med forventningane og tidlegare indikasjonar etter at land over heile kontinentet har vorte hardt ramma av det økonomiske uføret koronapandemien har ført med seg.
Som følgje av reiserestriksjonar og nedstengingar har turismen nesten stoppa heilt opp, og handelen er òg hardt ramma. Den globale verdsøkonomien er venta å gå inn i den verste resesjonen sidan andre verdskrigen.
Av EU-landa var det Storbritannia som hadde det største fallet i BNP, eit fall på 20,4 prosent. Men også Spania (18,5 prosent), Ungarn (14.5 prosent), Frankrike (13,8 prosent) og Portugal (13,9 prosent) har stor nedgang.
Dei nordiske landa kjem best ut. BNP-en i Finland fall 3,2 prosent. Også Danmark klarte seg relativt bra, sjølv om det vart eit rekordstort BNP-fall på 7,4 prosent. I Sverige sokk bruttonasjonalproduktet med 8,6 prosent siste kvartal.
Statistikken er førebels, og fleire EU-land, blant dei Estland, Irland og Hellas, har enno ikkje lagt fram kvartalstala sine.
(©NPK)

Publisert: 14.08.2020 13:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25