Kort fortalt

Bodrunde om verdiar i konkursbu

Har selt anlegg og driftstilbehøyr etter entreprenørfirma gjekk over ende.

05.04.2024

Bustyrar Thore Heggen har selt eigedom og driftstilbehøyr etter konkursen i selskapet som tidlegare heitte Per Røyrhus As, ifølgje Sunnmørsposten.

Han fortel til avisa at salet inkluderer anleggsmaskinar og bilar, og vil dekke store delar av krava på 10,2 millionar kroner.

Heggen antydar at det var seks-sju aktørar og at det vart bodrunde.

– Det var fleire interessentar, og nokre av dei la også inn bod, seier han til avisa.

Firmaet som skifta namn til GPR As kort tid før konkursen, blei starta opp i 1987. Hellesylt var adressa i fleire år, men i 2013 etablerte dei seg ved Holmøyane Industriområde aust i Stad kommune.

På det meste hadde firmaet 20 tilsette.

Publisert: 05.04.2024 13:45

Sist oppdatert: 05.04.2024 13:45

Mer om