NPK: Eit fleirtal i hovudval for hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune støttar eit forslag frå fylkesrådmannen om å avslutta drifta av bokbåten Epos.
I forslaget frå fylkesrådmannen blir det rådd til at Vestland fylkeskommune ikkje vidarefører bokbåttenesta etter vårsesongen 2020. I grunngjevinga blir det peika på at avtalen med leverandøren av bokbåten gjekk ut i vår og at ei vidareføringa av bokbåten set andre og nye krav som etter fylkesrådmannen si meining vil bli for dyre. Ifylgje fylkesrådmannen er desse tiltaka ikkje mogleg å gjennomføra utan at det går ut over det samla bibliotektilbodet i fylket og samarbeidet med dei kommunane der bokbåten ikkje stoppar.
I staden blir det føreslege at bokbåten blir erstatta av andre utjamnande tiltak og andre ordningar for heile fylket. I forslaget til vedtak blir det mellom anna føreslege å etablera tilskotsordningar for bokbussar.
Eit fleirtal av hovudutval for kultur, idrett og integrering støttar, ifylgje fleire media, forslaget om å leggja ned bokbåten. Torsdag 28. mai skal saka opp i fylkesutvalet. Den endelege avgjerda skjer i fylkestinget 9. juni.
Også i samband med budsjettet i november i fjor gjekk fylkesadministrasjonen i Vestland fylke inn for leggja ned bokbåten. Eit fleirtal av fylkespolitikarane gjekk den gongen inn for å vidareføra ordninga.

Publisert: 25.05.2020 11:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27