NPK: I ein fersk rapport peikar fleire forskarar på at det inneber store økonomiske og miljøskadelege konsekvensar å rydde havet for flytande plast.
– Søppelet i havet er ei tapt sak, det er ingen vits i å rydde det opp, skriv forskarane i artikkelen, ifølgje
Forskarane ved kompetansebedrifta SALT, med base i Svolvær i Lofoten, meiner søppelet som flyt i havet er altfor spreidd og konkluderer difor med at det rett og slett ikkje er verdt pengane og skadane det vil påføre livet i havet å rydde opp.
Derimot konkluderer forskarane med at strandrydding fungerer.
– Då plukkar du éin og éin ting. Du drar ikkje ein stor gjenstand over stranda som slår i hel alt det han kjem over, i forsøk på å rydde, seier forskar Jannike Falk-Andersson til rikskringkastaren.

Publisert: 31.08.2020 13:32
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25