Brann i vindturbin på Harøya
Kjenner ikkje årsaka til at det starta å brenne.
Tidleg onsdag ble det meldt om brann i ein vindturbin på Harøya, ifølgje Sunnmørsposten.
Det er Sandøy Energi som eig vindparken med fem turbinar, og selskapet jobbar med å finne ut kva som har skjedd.
– Vi veit ikkje årsaka enno, men det begynte å brenne i dag tidleg eller kanskje i natt. Huset på toppen av mølla er heilt utbrent, seier dagleg leiar Johannes Størk Huse i Sandøy Vindkraft til avisa.
Det danske selskapet Vestas har levert anlegget. Dei har folk på staden allereie og fleire ekspertar på veg.
Vindparken blei etablert i 1999 og fekk ny konstruksjon i 2022. I 2023 vart det skifta generator, vingar og hus på turbinane, ifølgje avisa.
Publisert: 28.02.2024 10:18
Sist oppdatert: 28.02.2024 10:18