Opprusting gir langt meir vindkraft
Politikarane i Ålesund er positive til ei oppgradering som vil auke produksjonen betydeleg frå dei fem vindmøllene på Sandøy.
Vindkraftverket på Sandøy blei sett i drift i 1999, søker nå om konsesjon om 25 nye år. Bakgrunnen er tekniske utfordringar med dagens turbinar og moglegheitene til å auka kapasiteten betydeleg.
Meir effektive rotorblad og nye tårnhus skal gi meir langt meir effektiv drift, sjølv om den installerte effekten berre går frå 3,75 til 4,25 megawatt.
– Sjølv om vi går opp berre ein halv megawatt, får vi nesten dobla produksjonen, fortel dagleg leiar Johannes Huse i Sandøy Energi til NETT NO.
Allereie i dag har vi mange timar i døgnet då vi forsyner Nordøyane sørover med kraft
Huse fortel at dei i dag dekker straumbehovet til kring 500 husstandar, og at han reknar med at dei kan forsyne bortimot doble dette etter oppgraderinga.
– Allereie i dag har vi mange timar i døgnet då vi forsyner Nordøyane sørover med kraft, legg han til.
Kraftselskapet ser også på moglegheitene for å installere solcelleanlegg i same område, og har vore i dialog med næringsaktørar om å bruke vindkrafta til produksjon i ammoniakk i framtida.
(saka held fram under)
Formannskapspolitikarane i Ålesund hadde ingen innvendingar då høyringssaka var oppe tysdag. Tore Johan Øvstebø (KrF) var den eine av to politikarar som tok ordet, og han var ikkje i tvil om at det var ein god ide å seie ja til ei slik opprusting.
– Når dette kan sørge for mellom 50 og 70 prosent av all kraft som trengst her på Harøya, tenker eg dette er eit godt argument, påpeika han.
Saka skal også til handsaming i kommunestyret, før ei endeleg høyringsuttale blir sendt til NVE.
Vil vurdere elektronisk styring
Det har vore lite konflikt kring vindkraftutbygginga på Sandøy, og utbyggar har ikkje inntrykk av at innbyggarane er negative til vindmøllene, heiter det i sakspapira.
Likevel vil kraftlaget vurdere å gjere tiltak for å dempe støyen ved å bruke elektronisk styring. Slik kan dei stoppe turbinane om vinden er på ei slik retning at støyen er sjenerande for naboar.
Det skal ikkje gjerast endringar i terrenget eller med vegar kring turbinane.
Publisert: 01.12.2021 05:58
Sist oppdatert: 01.12.2021 08:01