NPK: Bilferja Ytterøyningen hadde ikkje kompetent maskinoffiser om bord då det oppstod brann og eksplosjon på ferja ved Sydnes i Kvinnherad 10. oktober, hevdar Maskinistforbundet og har sendt bekymringsmelding til Sjøfartsdirektoratet.
Reiarlaget Norled seier på si side at ferja hadde ein maskinsjef klasse 1 om bord, men ønskjer ikkje å opplyse kven som var på vakt, skriv Skipsrevyen.
Det norske maskinistforbund (DNMF) hevdar at ferja segla ulovleg og har varsla Sjøfartsdirektoratet om det. Politiet etterforskar framleis brannen som oppstod i batterirommet på den ombygde elferja.
– Det er sterkt urovekkjande at Norled har bemanna MF Ytterøyningen med maskinpassar når samla kW er over 750 kW, etter DNMFs oppfatning i strid med regelverket, skriv dei i bekymringsmeldinga til direktoratet.
Den 13 år gamle ferja vart bygd om til batteridrift i 2018, men har enno ikkje fått nytt bemanningssertifikat frå Sjøfartsdirektoratet. Direktoratet ventar på opplysningar om oppgraderinga frå reiarlaget før dei kan ferde ut eit nytt sertifikat. Norled hadde likevel løyve til å køyre ferja med tidlegare bemanningssertifikat, men då med krav om ein maskinoffiser klasse 3 om bord, opplyser Sjøfartsdirektoratet til avisa.

Publisert: 23.12.2019 10:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31