Kort fortalt

Bremanger får tre vindkraftanlegg

Ordføraren angrar på ja til vindkraft.

08.07.2020
NPK: Kommunen sa ja til tre vindkraftanlegg, men trudde i beste fall at berre eitt ville bli realisert. No er alle tre på veg opp.
Kystkommunen Bremanger blir etter kvart den einaste i landet med tre vindmølleparkar, skriv .
– Det er for mykje i ein liten kommune. Altfor mykje, seier ordførar Anne Kristin Førde (Ap) til kanalen.
Saman med resten av kommunestyret var ho med på å gi konsesjon til bygging av det tredje vindkraftanlegget i Bremanger i 2017. No har kommunen snudd, og angrar på at dei sa ja.
– Vi skjønte nok ikkje heilt kva vi sa ja til. Både fordi vindmøllene blir høgare enn det som først var sagt, men og fordi vi har fått mykje meir kunnskap om vindkraft sidan den gong, seier Førde.
Olje- og energidepartementet seier kommunen sjølv må ta ansvaret for at dei har sagt ja.
– Det er slik at når kommunar seier nei til vindkraftanlegg i sitt område, så blir det respektert. Den moglegheita har kommunane, og når dei ikkje har nytta seg av den, så må dei ta ansvaret for det, seier statssekretær Tony Christian Tiller (H).

Publisert: 08.07.2020 07:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26