Kort fortalt

Brukar mindre på reising

18 prosent nedgang frå i fjor.

16.11.2023

NPK-NTB: Nordmenn trekkjer kortet stadig sjeldnare, og det er særleg pengar til reising som blir vald bort, viser DNBs oversikt over kortbruken til bankkundane.

Nedgangen i oktober er sterkare enn i september. Nedgangen i kortbruk på reiseliv var på 18 prosent samanlikna med same periode i fjor.

– Dei hyppige renteaukane blir no merka i økonomien hos mange, og framleis må vi ta høgde for at Noregs Bank aukar styringsrenta ytterlegare for å dempe prisveksten, seier konserndirektør Ingjerd Blekeli Spiten i DNB personmarknad.

Kjerneinflasjonen i oktober var opp 6 prosent det siste året, som var høgare enn det analytikarar forventa, men i tråd med Noregs Banks estimat.

Spiten meiner dette kombinert med svak kronekurs taler for ei ny renteheving i desember.

Kva dei ulike hushalda vel å bruke pengar på, heng saman med gjeld, ifølgje DNB. Dei med høg gjeld reduserer forbruket sitt meir enn dei med låg gjeld.

Publisert: 16.11.2023 08:18

Sist oppdatert: 16.11.2023 08:18