NPK: Nordmenn handla for 97 milliardar kroner til jul i år, ifølgje det nasjonale betalingssystemet BankAxept. Det er 6 milliardar meir enn i normalåret 2019, skriv NRK.
– Årets julehandel har gått bra, og betre enn mange frykta. Vi er meir tilbake til normalen, seier Jarle Hammerstad i bransjeorganisasjonen Virke.
Sjølv om vi brukte nærare 100 milliardar på julehandelen i år er det mindre enn i 2021 og 2020.
– Det var pandemiår med spesiell høg julehandel. I forhold til normalåret 2019 har det kanskje vore litt betre i år, meiner Hammerstad.
Spare- og forbrukarøkonom i Storebrand, Cecilie Tvetenstrand, meiner mange har som vane å bruke mykje pengar rundt jul.
– Vi har gått frå ein periode der vi har hatt veldig god råd. Då er det lett å få dyre vanar. Og vanar er vonde å vende.
Ho meiner mange trur at dei kuttar meir enn dei faktisk gjer.
– Eg trur mange forbrukarar kan få seg ein kalddusj på nyåret når renteauka verkeleg slår til. Vi har ikkje sett den fulle effekten av dette enno, seier ho.
Publisert: 28.12.2022 09:44
Sist oppdatert: 28.12.2022 09:47