Ein langvarig kuldeperiode i januar og februar og ei påske som startar tidlegare enn i fjor, var ikkje nok til å unngå at det berre for få dagar såg dystert ut for skianlegga på Nordvestlandet.
Med dei to største - Stranda og Bjorli - som unntak, var det stengte trekk og heiser som venta i påska.
Men natt til torsdag snudde det. Temperaturen fall og nedbøren kom som snø i fleire av anlegga.
– Det ser lovande ut, seier driftsleiar Per Mattis Lødøen i Hornindal om sjansen for å kunne halde ope heile påska. Det er normalt dei dagane som gir aller størst inntekt for skianlegga.
Sktrekka går
I dag går skitrekka både i Hornindal Skisenter, Stryn Skisenter og Arena Overøye i Fjord kommune, takka vere snøfallet dei siste dagane. Per i dag ser det også ut til å vere nok snø til å halde ope heile påska.
På Fjellsætra i Sykkylven blir det ope i alle fall i dag og i morgon, palmesøndag. Deretter blir det vurdert frå dag til dag, seier driftsleiar Florian Phüringer.
Harpefossen Skisenter i Nordfjord har planlagt å opne frå mandag 30. mars.
Les også
Betre enn i fjor
Samanlikna førre sesong har 2025/2026-sesongen vore betre om enn ikkje svært mykje betre. Førre sesong var det til dømes 30 driftsdøgn i Hornindal.
Før påske har anlegget hatt drift i 36 dagar med samanhengande drift frå tidleg i januar til ut i andre veka i mars, fortel Lødøen. Men denne sesongen ser altså påska til å kome i tillegg. Det gjorde den ikkje i fjor,
Det er anlegget for å produsere snø som har berga drifta denne sesongen. Det er berre den delen av anlegget det er snøproduksjon som har vore ope, noko som betyr at det ikkje har vore råd å ta trekket heilt til topps.
Også tradisjonelt snøsikre Bjorli - der skianlegget gjekk konkurs og vart opna igjen i fjor - var sikra å kunne halde ope i påska berre takka vere snøproduksjonen. Men snøfallet dei siste dagen er ein bonus, og gjer at også langrenn- og turløypene i terrenget kan brukast.
Tøft år
Dugnadsmodellen gjere dei mindre skisentra robuste mot dårlege sesongar.
Finanskostnadar og andre faste kostnadar forsvinn ikkje om snøen manglar, men driftskostnadane blir små når inntektene uteblir.
Men det er grenser for kva dei toler.
Dei rekneskapa som så langt er lagt fram etter 2024/2025-sesongen, fortel alle om ein tøff sesong med underskot for alle.
Med unntak av koronaåret 2020 har ikkje Stryn Vinterski hatt lågare inntekt på over ti år enn i 2024/2025. Breimsbygda Skisenter på Utvikfjellet fekk halvert inntektene til 0,9 millionar kroner og enda med eit resultat før skatt på minus ein halv million kroner. Denne sesongen har ikkje senteret hatt ope ein einaste dag.
Publisert: 28.03.2026 05:00
Sist oppdatert: 28.03.2026 08:44






