Kort fortalt

Bryt med over 100-årig lossetradisjon

No lossar Ramoen i Ålesund.

10.10.2023

Ei over hundre år gammal losse-historie på Vartdal er no over og trålaren Ramoen lossar no fisk i Ålesund, skriv Møre-Nytt.

Bakgrunnen er at Vartdal Fryseri er avvikla, opplyser eigarane i Måsøval til avisa.

Dei fortel at det ikkje har vore eit stort behov for fryseriet i Ørsta-bygda dei siste åra, samtidig som behovet for vedlikehald av det eldre anlegget ville gi store utgifter.

– Det er vemodig og litt tungt at vi ikkje lenger skal losse fisk på Vartdal etter at vi har gjort det i mange år. Vi hadde dialog om å vere der lenger, men når eigaren av fryseriet plutseleg bestemte seg for å legge ned, hadde vi sjølvsagt ikkje noko val, seier Per Magne Eggesbø som er hovudeigar i Ramoen, til avisa.

Ramoen har inngått atale om å losse hos Tyrholm & Farstad i Ålesund framover.

Publisert: 10.10.2023 12:49

Sist oppdatert: 11.10.2023 07:54

Mer om