Bra fjoraar for Ramoen og Eros
SJØFROSSEN: Dagens fartøy er ein fabrikktrålar som selskapet anskaffa i 2016. FV: Nokre av aksjnærane i Ramoen, Per Magne Eggesbø, Knut Vartdal og Atle Vartdal. ARKIVFOTO
Nytt

Kjempeår for Ramoen

Styrka overskotet med 45 prosent i fjor - og ventar nytt godt år.

Linn Antonie Vårdal Solheim
02.08.2023

Fabrikktrålaren Ramoen er godt kjend for dei fleste sunnmøringar, og skipet driv med produksjon av sjøfrossen filet frå torsk, hyse og sei i Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen.

I 2022 auka selskapet inntektene med meir enn 41 millionar kroner, og overskotet styrka seg med nesten 45 prosent (sjå tabell under).

– Økt omsetning og resultat er en konsekvens av at markedet for selskapets produkter styrket seg i løpet av de siste to årene som følge av at samfunnet åpnet opp igjen etter Covid-19-pandemien og krigen i Ukraina som har redusert tilførselsen av russisk fisk til UK-markedet, skriv selskapet i årsmeldinga for 2022.

Ramoen
Tal i millionar kroner 2022 2021
Salsinntekter 248,8 207,7
Driftsresultat 61,9 45,0
Resultat før skatt 60,5 41,7

Snittløn på 1,1 millionar
Styret skriv at dei også i 2023 forventar å ha eit godt år, men noko svakare enn 2022.

Ifølgje årsrekneskapen sysselsette Ramoen 68 årsverk i 2022. Snitta for løn lott og hyre per årsverk var på 1,1 millionar kroner.

No er skipet ute på fisketokt langs norskekysten, og i årsmeldinga skriv styret at mannskapet om bord til ei kvar tid er på 32-34 personar. Vidare skriv dei at om lag 4-5 av desse er kvinner.

I 2008 blei Ramoen ein del av fiskerikonsernet Eros, som kjøpte 65 prosent av aksjane i selskapet. Per Magne Eggesbø blei då den største einskildeigaren i selskapet, noko han framleis er. Eggesbø er også dagleg leiar for Ramoen.

Også selskapa Vartdal Fiskeriselskap og Kringsjaa eig aksjar tilsvarande 17,5 prosent i Ramoen.

Lågt klimaavtrykk
Ramoen er opptekne av å drive berekraftig produksjon, og har eit bevisst fokus på å ikkje la ressursar gå til spille.

– Alt råstoff blir utnyttet gjennom produksjon av filet, fiskemel og fiskeolje, skriv styret i Ramoen i årsmeldinga.

I samarbeid med Sintef har Ramoen fått kalkulert klimaavtrykket til torskefileten dei leverer til den britiske byen Grimsby. Konklusjonen er at fisken har eit lågt utslepp samanlikna med både kjøt, kylling og laks.

I følgje utrekningane har produksjon av eit kilo med torskefilet frå Ramoen eit utslepp på 1,43 kg Co2, medan ein kilo laksefilet har eit utslepp tilsvarande 8,40 kg Co2.

Frå årsrekneskapen kjem det fram at 42,2 prosent av salsinntektene til Ramoen kjem frå eksport til Storbritannia, medan 32 prosent er omsetning i Noreg.

Publisert: 02.08.2023 05:00

Sist oppdatert: 31.12.2023 13:04

Mer om