Kort fortalt

Bukostnader har auka kraftig

Vil gå vidare opp.

16.10.2023

(NPK-NTB): Kostnadene ved å bu har auka 23 prosent frå i fjor til i år, viser nye tal frå Huseiernes Landsforbund. Neste år vil bukostnadene auke 12 prosent til.

Det er bukostnadsindeksen frå Huseiernes Landsforbund som viser at eit gjennomsnittshushald må ut med rundt 180.000 kroner for å eige og drifte eigen bustad i år. Ifølgje indeksen blir tala neste år rett i overkant av 200.000 kroner, skriv Aftenposten.

– Galopperande bukostnader rammar alle, men slår særleg hardt for dei som slit mest frå før. Held denne utviklinga fram fryktar vi for den norske bustadmodellen og at mange som i dag eig eigen heim, blir tvinga ut i leigemarknaden, seier generalsekretær Morten Andreas Meyer i Huseierne.

Det er auka rentenivå, auka kommunale avgifter og auka eigedomsskatt som har bidrege til auken i indeksen – som også inneheld energikostnader​, forsikring​ og vedlikehaldskostnader.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier at det viktigaste no er å få prisstiginga ned.

– Og vi må sikre at vi held folk i arbeid. Det er slik regjeringa skal sikre ein tryggare økonomisk kvardag for bustadeigarar og alle. I tillegg gjer vi konkrete grep som å forsterke straumstønadsordninga, seier Vedum.

(©NPK)

Publisert: 16.10.2023 07:25

Sist oppdatert: 16.10.2023 07:25

Mer om