Kort fortalt

Bustadprisane steig med 1,1 prosent i august

Meir vekst enn normalt, viser nye tal. 

03.09.2020
(NPK-NTB): Bustadprisane steig meir enn normalt i august. Prisveksten var sterkast i Oslo.
Det viser tal som vart lagt fram av Eiendom Norge torsdag.
Nasjonalt steig bustadprisane med 1,1 prosent nominelt i august. Korrigert for sesongvariasjonar er det snakk om ein prisvekst på 0,3 prosent.
Oslo hadde den sterkaste prisveksten med ei sesongjustert auke på 1,2 prosent.
I motsett ende ligg Stavanger og omland med eit sesongjustert prisfall på 1,1 prosent.

Publisert: 03.09.2020 11:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25