Kort fortalt

- Bustadprisfallet vil fortsette

Trur botnen vert nådd i løpet av 2018.

26.10.2017
NPK-NTB: Bustadprisane vil fortsette å falle og botnen er ikkje nådd før langt ut i 2018, ifølgje prognosar.
– Bustadprisfallet blir såpass stort at det vil stoppe den gryande oppgangskonjunkturen i norsk økonomi, seier sjeføkonom Andreas Benedictow i Samfunnsøkonomisk analyse til .
Han seier dei fallande prisane må sjåast i samanheng med høg bustadbygging og minkande befolkningsvekst. Samtidig impliserer den sterke veksten i fjor ein korreksjon i bustadprisnivået.
– Ei utløysande årsak for vendepunktet i bustadmarknaden er dei nye bustadlånsforskriftene, som vart gjort gjeldande frå og med 2017, seier Benedictow.
Dei nye prognosane anslår at det i Noreg som heilskap er venta eit samla bustadprisfall på 7 prosent fram til tredje kvartal 2018. Deretter kjem ei forsiktig stigning dei neste to åra, slik at gjennomsnittsprisane for 2020 vil vere 7 prosent høgare enn i 2016 og 2,3 prosent høgare enn i 2017.
– Vi legg framleis til grunn at det skal byggjast mykje. Men når det blir bygt mindre, trekkjer det ned veksten i norsk økonomi og det blir færre arbeidsplassar. Dette vil smitte over til resten av økonomien, fortset Benedictow.

Publisert: 26.10.2017 08:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41