Tomislav Debeljak er dømt til å betale 120 millionar kroner i erstatning etter Kleven Verft-konkursane.
Det kjem fram i ein samrøystes dom frå Gulating lagmannsrett fredag.
Etter konkursane tok bustyret ut søksmål mot Tomislav Deblejak i Div Group og kravde 135 millionar kroner i erstatning i lagmannsretten.
Bustyret meiner Debeljak handla aktlaust som styreleiar for dei norske verftselskapa - og at dette var den direkte årsaka til at bankane sa opp avtalane sine, som utløyste konkursen.
I tingretten fekk Deblejak medhald, men i lagmannsretten vann altså bustyret fram.
"Oppsummert har lagmannsretten funnet sannsynliggjort at det foreligger ansvarsgrunnlag for Debeljak og et økonomisk tap som står i årsakssammenheng med hans handlinger pålydende 120 290 000 kroner.", heiter det i dommen frå Gulating lagmannsrett.

Ankesaka gjekk for domstolen i Bergen over 11 dagar i januar.
Ifølgje dommen er også forsikringsselskapet Tryg dømt til å betale 30 millionar i erstatning «in solidum» - som betyr at dei står solidarisk ansvarleg for beløpet saman med Debeljak.
Til saman må dei også betale kring 9,9 millionar kroner i sakskostnader til motparten for tingretten og lagmannsretten.
Handla i strid med aksjelova
Oppsummert meiner retten at Debeljak oppførte seg aktlaust i strid med i aksjelova om styreansvar og at han tok kontroll over selskapsdrifta på ein måte som braut med god selskapsstyring.
Medan tingretten ikkje meinte det var bevist at handlingane hans førte til konkursen – og at bankane hadde andre alternativ enn å seie opp avtalane sine med verftet – konkluderer lagmannsretten motsett.
I dommen kjem det fram at dei meiner verftseigaren sin oppførsel var den direkte årsaka til konkursen. Dei meiner difor at Debeljak er erstatningspliktig – slik konkursbuet har hevda i retten.
Meiner verftseigaren er personleg ansvarleg
Bustyret meiner den kroatiske forretningsmannen er personleg ansvarleg for tapa etter at tre verftsselskap gjekk konkurs sommaren 2020.
Lagmannsretten peiker i dommen mellom anna på at Debeljak i si rolle som styreleiar ikkje kalla inn til styremøter. Han misleghaldt også verftet sine forpliktingar ovanfor bankar og underleverandørar.
Eit byggeprosjekt verftet hadde til kai er sentralt i saka, og utgjer ein vesentleg del av tapet konkursbuet meiner verftsselskapa hadde som følgje av verftseigaren sin oppførsel.
Retten meiner Debeljak burde forstått at handlingane hans kunne få negative konsekvensar for dette prosjektet. Han burde også forstått at oppseiing av låneavtalane var eit mogleg utfall av eit mykje omtala skjebnemøte den 23. juni 2020.
Braut ikkje god forretningsskikk
På det tidspunktet hadde bankane vore konkrete i sin bekymring ovanfor Debeljak og Div Group i over ein månad.
Verftsleiaren sine uttaler i møtet, mellom anna om at han ikkje ville dekke eit tap på det omtalte byggeprosjektet, var ai aktlaus og ansvarstingande åtferd, meiner lagmannsretten.
Medan dei saksøkte meiner bankane braut god forretningsskikk med sin handlemåte, meiner lagmannsretten den var nødvendig og riktig for å ta vare på bankane sine interesser, heiter det i dommen.
- NETT NO gjer merksam på at Green Yard Kleven ikkje har noko med søksmålet å gjere, som omhandlar det tidlegare verftsselskapet på Kleven.
Publisert: 21.02.2025 18:10
Sist oppdatert: 21.02.2025 22:58