Kort fortalt

Butikkmedarbeidar vanlegaste yrke

Fleirtalet i butikkane har deltidsjobb.

06.06.2023

NPK-NTB: Rundt 154.000 nordmenn jobbar som butikkmedarbeidar, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Det gjer butikkmedarbeidar til det yrket flest i Noreg har, etterfølgd av helsefagarbeidar og barnehage- og skulefritidsassistent.

Blant heiltidstilsette er det høgare saksbehandlarar i offentleg og privat verksemd som tronar øvst. Totalt er det 74.000 som er tilsett som dette, 92 prosent av dei er heiltidssysselsette.

Andelen heiltidssysselsette butikkmedarbeidarar er 30 prosent.

I 2022 jobba 25 prosent av alle sysselsette deltid.

Dei siste ti åra er fleire yrkesgrupper opplevde sterk vekst. Det har mellom anna vorte 31.000 fleire i gruppa programvare- og applikasjonsutviklarar/analytikarar. I same periode har også nokre yrkesgrupper vorte mindre, kjenneteiknet blant desse er at arbeidsoppgåvene her i stor grad blir påverka av stadig utvikling innan digitalisering og automatisering.

Publisert: 06.06.2023 08:54

Sist oppdatert: 06.06.2023 08:54