Byggebransjen langt igjen for å bli sirkulær
Kartlegging viser at berre sju prosent av næringa var sirkulær i fjor.
(NPK): Ei ny kartlegging viser at berre sju prosent av byggjenæringa var sirkulær i 2023. Samtidig er aktørar i byggjebransjen svært motiverte for å bli heilt sirkulære.
Det skriv Sintef.
Det er forskarar ved Sintef og NTNU som har samla data om bevaring, ombruk, resirkulering og tilrettelegging for seinare ombruk og gjenvinning i norske byggjeprosjekt. Forskinga viser at næringa er eit godt stykke unna målet om å oppnå full sirkularitet innan 2050.
Vidare fann forskarane tre ulike scenario for den sirkulære framtida i byggjebransjen:
Om ein held fram som i dag, vil sirkulariteten auke med éin prosent i året, og det vil ta 93 år å nå målet.
Om ein legg til grunn europeiske og nasjonale ambisjonar, vil sirkulariteten vere rundt 27 prosent innan 2030 og 82 prosent innan 2050
Det siste scenarioet tek utgangspunkt i eigne forventningar hos aktørar i bransjen, der bransjen vil vere 42 prosent sirkulær innan 2030 og 71 prosent innan 2050.
– Det som overraska oss mest, var at bransjen sine eigne ambisjonar om sirkularitet er høgare enn det dagens regelverket legg opp til, i alle fall i eit perspektiv fram mot 2030, seier forskar Marianne Kjendseth Wiik i Sintef.
(©NPK)
Publisert: 03.04.2024 10:10
Sist oppdatert: 03.04.2024 10:10