(NPK): På utsiktspunktet Dalsnibba ved Geiranger, 1.476 meter over havet, bygger dei no nytt servicebygg med kafé, fleire toalett, større butikk, personalrom og tekniske rom.
Det er fire år sidan det nye platået, Geiranger Skywalk, på Dalsnibba offisielt vart opna. Den gong vart det investert 13 millionar kroner i det nye platået, med utsikt mot Geiranger sentrum, Geirangerfjorden, mot fjella og Blåbreen.
No bruker Geiranger Skysslag, som står bak utbygginga, ytterlegare 40 millionar kroner på å gjere Dalsnibba endå meir publikumsvenleg, skriv .
Entreprenørselskapet Christie & Opsahl AS i Molde har fått byggeoppdraget, og har ei noko spesiell utfordring på over tusen meters høgde, der vêr og vind blir meir utfordrande enn nede på havnivå.
– Det blir fleire månader med stillstand i arbeidet her oppe i vinter. Men vi håper å få mellom anna kafeen ferdig neste sommar. Og så er målet at alt står fiks ferdig før vinteren kjem neste år, seier Ann Kristin Mossberg, dagleg leiar i Geiranger Skysslag, til avisa.
(©NPK)

Publisert: 09.10.2020 13:25
Sist oppdatert: 07.04.2021 17:42